tirsdag 23. mars 2010

Ting 10 - "ingen tid at forlora "

Bruk Googlemaps?

Tja, vel, vel! Var først innom og leitte etter Sykkylven Naturhistoriske Museum, men då kom eg til Sykkylven kommune (rådhuset) - og det er laaangt frå Elvetun (2 km iallfall)! (Også bokhandelen Sykkylven Bok og Papir er plassert ute i fjorden, ved Sykkylvsbrua)! Her må ei korrigering til, iallfall for vår del! Kontaktinformasjonen er heller ikkje rett! Tenke, tenke - kva med kvalitetssikring av desse sidene? Kven har lagt ut denne informasjonen? Feil må iallfall rettast opp, vi kan gjere dette sjølv, når vi finn tid til det. 


Heimbygda Glomset finn eg, blindvegen til heimen også, men ikkje huset. Vart ikkje fornærma for det, men dersom slagordet i introfilmen er "ingen tid at forlora", kan ein ikkje køyre etter googlemaps utanom bynære område. Får prøve å gjere vårt til å rette på kvaliteten, men veit der finnast bedre alternativ!

Å finne vegen til/frå arbeid greier eg vel utan køyrerute - Glomset-Sykkylven (14,8 km, 38 minutt med bil, men er også tilgjengeleg til fots:-? får eg vite).

For å få lagt inn lenkja med kart:
HUGS: bruk "rediger HTML" - så funkar det! Ingen tid at forlora....


Vis større kart

1 kommentar:

  1. Framifår jobba!

    Og man må nok kvalitetssikkre sjølv. Det er jo heile poenget med web2.0 - brukarmedverknad - ikkje sant?!?!

    Helsing Frøydis

    SvarSlett