mandag 8. mars 2010

Ting 4 - Naturtelefonen on podcasting og adio-museumsguide

Podcasting. Dette gjekk fort og greit. På NRK sine sider, søkte eg på "naturtelefonen", og kom rett til ei side der det stod greit korleis eg skulle fare åt for å få programmet på min lesar. No er det gjort, så no strøymer nye program frå naturtelefonen inn på min google-lesar. Kunne sjølvsagt funne andre naturvitskaplege program, men ikkje i denne omgang.

Men om eg treng denne tenesta er noko anna! Eg har fri kvar fredag slik at eg er sikra å få høyre programmet direktesendt medan eg ryddar og vaskar i heimen:-)

Audioguide. Lytt og lær! Har kika på eit par audioguidar på Kulturnett Sogn og Fjordane sine sider. Ikkje dumt! Dette har eg tenkt på i høve Sykkylven Naturhistoriske Museum ganske lenge, for å kunne kvalitetssikre den informasjonen som går til besøkjande sommarstider. Med skiftande og ikkje alltid like fagleg godt kvalifiserte vertar, kan dei som ønsker det få tilgang til ein slik audiogudie. Utstillingane i museet er som skapt for slik guiding, med nummererte montrar som syner dyra i ulike biotopar. Utfordringa er å få gjort det! Som eit "innadørs-museum" vil eg nok gi tilgang til audiogudien til dei som kjem på besøk inn i museet.

Då er vi komen så langt - 14 dagar etter skjema....

2 kommentarer:

  1. Dette går jo rett så bra! Det hadde vore spennande med ein audioguide hos naturhistorisk ja....

    Kva med ein podkast av museumsprogrammet til nrk?

    Eg må sjå å få med meg borna til naturhistorisk ein dag. Vi har snakka så mykje om det. Dei er spent på å sjå isbjørn og bjørn:-)

    Helsing Frøydis

    SvarSlett
  2. Audioguide på SNM er en kjempe god idè!Om det er et sted dette passer så er det hos dere. Midt i blinken når det gjelder lokaliteter og hvordan utstillingen er bygget opp. Jeg kommer gjerne som "prøve-audio-kanin"! Om du lover å ikke stoppe meg ut... :)

    SvarSlett