torsdag 4. mars 2010

Ting og tang om bilde

For ein som er glad i digitale bilde av vakre blomar, fjør- eller pelskledde dyr, har eg no kosa meg ei heil lita stund. Det er som om mosen slepper taket! Gjennom utforskinga av flickr ser eg at det er mykje rart men også fine bilde folk deler med andre. Utfordringa er å vite kva ord ein skal søkje etter - og så på engelsk.

Sjå kva eg fann blant bilda for "owl" - ein herleg liten kar:-) og dette blant "flowers".
Alt så langt har vore på utforskingsstadiet, og eg prøver det eg kan å ikkje lage for mange kontoar.
"Det er skummelt, det!" 

Anna eg har prøvt:
Synes det er greit med "free downloads" og har prøvt:
  • Picasa (for opprydding av bilde på eiga maskin - sikkert nyttig:-) - norsk tekst. Fiksa ikkje heilt dette med nettalbum.
  • Shape Collage - norsk tekst
  • Bighugelabs med Popart poster - engesk tekst men ganske stilig!
Prøvde å laste opp eigne bilde til nettalbum på Picasa (for å kunne bruke den Google-kontoen eg har frå før), men her må eg nok bruke meir tid - og det går så innmari med tid når ein vil prøve å forstå kva ein gjer.

Så får eg håpe at alle desse "downloads" ikkje knekkjer heile datamaskina - og slik at eg kan halde fram med vidare utforsking av web 2.0 - sakte tempo...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar