Podcasting. Dette gjekk fort og greit. På NRK sine sider, søkte eg på "naturtelefonen", og kom rett til ei side der det stod greit korleis eg skulle fare åt for å få programmet på min lesar. No er det gjort, så no strøymer nye program frå naturtelefonen inn på min google-lesar. Kunne sjølvsagt funne andre naturvitskaplege program, men ikkje i denne omgang.
Men om eg treng denne tenesta er noko anna! Eg har fri kvar fredag slik at eg er sikra å få høyre programmet direktesendt medan eg ryddar og vaskar i heimen:-)
Audioguide. Lytt og lær! Har kika på eit par audioguidar på Kulturnett Sogn og Fjordane sine sider. Ikkje dumt! Dette har eg tenkt på i høve Sykkylven Naturhistoriske Museum ganske lenge, for å kunne kvalitetssikre den informasjonen som går til besøkjande sommarstider. Med skiftande og ikkje alltid like fagleg godt kvalifiserte vertar, kan dei som ønsker det få tilgang til ein slik audiogudie. Utstillingane i museet er som skapt for slik guiding, med nummererte montrar som syner dyra i ulike biotopar. Utfordringa er å få gjort det! Som eit "innadørs-museum" vil eg nok gi tilgang til audiogudien til dei som kjem på besøk inn i museet.
Då er vi komen så langt - 14 dagar etter skjema....