torsdag 8. april 2010

Ting 11 - Ma(r)shmallows og ap(i)er

Merkjeleg kva assosiasjonar ein får når ein sit i kveldinga å prøver å finne ut av desse ubegripelege muligheitene som mashups and apies avdekkjer. Har brukt altfor lang tid på å prøve å forstå dette!

Yr.no er velkjent, elska og hata, når time-for-time-meldingane ikkje slår til (eks. årets grillkveld er tima inn i ei opphaldsbyge). Men likevel - "skal berre sjekke yr.no"... Grei oppskrift, endeleg på norsk,  korleis dette skal gjerast. Supert! Kanskje nyttig å ha på heimesida/bloggen m.o.t. utearrangement? Tja...

Med vidare utforsking fann eg ut...
Prøvde å gå inn på Mashups Dashboard (fann inga søke/search-rute), gjekk inn på Animal Mashups, og fann:

  1. Geobirds der Google Maps er brukt som API
  2. iSpecies der Yahoo Immage Search og NCBI Entrez er brukt som API
På iSpecies søkjer ein særskilte artar ved å bruke latinske namn, t.d. "lynx". På denne sida dukkar Map from GBIF opp, ein internasjonal base for alle verdens dyr. Dette vart skikkeleg "NERD"!!! ...men litt spennande også...

Kan vi ved SNM/NMFS bruke/lage mashups sjølve? Ved SNM er det vel kanskje helst bruk. Ved NMFS kunne det kanskje vere ei muligheit å presentere Møbelkartet med 111 møbelbedrifter i Sykkylven med Google Maps som API. Men - kven har tid til å gjere det arbeidet ..."ikkje eg", sa grisen til den vesle raude høna!

For den som er glad i å planlegge (!) fjellturar, sjekk denne "wearcoastpeaks". GOD TUR!

2 kommentarer:

  1. Herlig lenke til slutt! Denne må eg sjå nærare på:-)

    Bra jobba! Du har skjønt poenget og er flink (igjen) til å sjå nytta for deg og museet. Og mashups er vel generelt litt nerd, er det ikke? Ein lagar jo ein mashup av di ein vil ha noko heilt spesielt om eit heilt spesielt tema!?! Og det er IKKJE noko gale i å vere nerd. Eg har vore web2.0 nerd ei stund eg:))

    Du er flink å bruke etiketter og lenke til kjelder!

    Mvh Frøydis

    SvarSlett
  2. hei

    Du e flik å blogge for å vere "gammel".
    Neida.

    Love you<3

    Oline

    SvarSlett