torsdag 15. april 2010

Ting 12 - Moter og trender for web 2.0-stammen

- eit kvileskjær før siste spurt.

Ja, slik vert det vel - når vi endeleg forstår korleis dei ulike verktya  verkar, kjem nye motar til syne i himmelranda. Dette vil nok ingen ende ta, og vi ser vel etter kvart at det ikkje er gull alt som glimar.

I kursteksten er det gjort ei oppsummering over muligheiter innan web 2.0, og kva dette kan ha å seie for vår stamme. Nokre tankar kring dette. Ugh!
Nettskya eit hjelpemiddel for mobil kontoraktivitet?
Sjølvsagt er det praktisk å kunne arbeide med dokument, "nårs om helst, hvor som helst", men vil eg det? Eigentleg ikkje, men å hente ut eit bilde til oppgradering av heimeside/blogg er praktisk, eller ta igjen eit halvferdig dokument utan å måtte drasse på den lite snertne lap-toppen i ryggsekk på sykkel til og frå arbeid. Det kan også vere nyttig å ha tilgang til eller kunne dele dokument med andre på denne måten, men kor mykje bedre dette er enn å ha ein fellesserver - det skal heldigvis ikkje eg avgjere til sjuande og sist. Billig og nærmast gratis programvare er freistande for ei slunken offentleg lommebok.

Tilgjenge er viktig, men at det er påliteleg og fungerer som du forventer er viktig! Fleire har nok erfart at web-en lever sitt eige liv, kva då med support... Kva med sære ønsker for profil - skrift, layout m.m.? Her må ein gjere valg for heile "stammen" slik at songen vert "samstemt"!

Digitalt museum egna for "personifisering"
Når musea gjer samligane sine tilgjengelege på nett, skal dei då vere tilgjengelege for kommentarar direkte? Ein spennande tanke, ei kjelde til rikare dokumentasjon. Men tør vi det? Taklar  PRIMUS/Digitalt museum denne typen funksjonalitet? Ikkje veit eg.

Alt for stammen
Om ingen i den lokale stammen skal falle utanom, er de viktig at vi ikkje spring i alle retningar. Vi må samle oss om noko, slik at også andre "tilreisande/besøkjande" kan finne oss som ein relativt samla flokk - ein stamme i jungelen. Meiner ikkje at vi skal oppføre oss som sauer, men sauer er faktisk ganske kloke, dei. Er alle einstøingar berst det gale i veg.

Opne alle sluser
er vel ikkje meining i, men å skjule det vi driv med er ikkje bra det heller. Det er difor svært viktig at vi har gode køyrereglar for bruk av sosiale medier. Det er flott at dette er på gang i vår organisasjon. Gjennom det vi har sett og lært i kurset ser vi for alvor at dette trengs for å manøvrere så trygt som råd.

Avrunder med Ivar Aasen: Ein lyt ymist kunna som ein ikkje heve lært.

2 kommentarer:

  1. Bra reflektert! Eg kan ikkje anna enn å signere. Dette arbeider vi vidare med i gruppa for "Sosial Media Strategi":-)

    Frøydis

    SvarSlett