mandag 19. april 2010

Ting 13 - Siste Mosebok

I web 2.0-utgåve.

Eg ønsker ikkje å trakke nokon på tærne, men det er altfor freistande å bruke terminologien i dei gamle Mosebøkene. Det høver godt i den opplevinga eg har hatt av dette kurset.
  • Hadde ikkje heilt trua då eg starta ferda
  • Gjekk frå steintavler til arbeid i skya (Google docs, wiki)
  • Fann (?) vegen gjennom opprørt hav (delicious, mashups, apier)
  • Stor fare for å verte blenda og danse rundt gullkalven (web 2.0)
Så får eg inderleg håpe eg får leve vidare også etter å ha kome såpass opp i høgda at eg har utsyn over terrenget, og kan finne ein god veg vidare.

Men nyttig vart det nok uansett!

torsdag 15. april 2010

Ting 12 - Moter og trender for web 2.0-stammen

- eit kvileskjær før siste spurt.

Ja, slik vert det vel - når vi endeleg forstår korleis dei ulike verktya  verkar, kjem nye motar til syne i himmelranda. Dette vil nok ingen ende ta, og vi ser vel etter kvart at det ikkje er gull alt som glimar.

I kursteksten er det gjort ei oppsummering over muligheiter innan web 2.0, og kva dette kan ha å seie for vår stamme. Nokre tankar kring dette. Ugh!

torsdag 8. april 2010

Ting 11 - Ma(r)shmallows og ap(i)er

Merkjeleg kva assosiasjonar ein får når ein sit i kveldinga å prøver å finne ut av desse ubegripelege muligheitene som mashups and apies avdekkjer. Har brukt altfor lang tid på å prøve å forstå dette!

Yr.no er velkjent, elska og hata, når time-for-time-meldingane ikkje slår til (eks. årets grillkveld er tima inn i ei opphaldsbyge). Men likevel - "skal berre sjekke yr.no"... Grei oppskrift, endeleg på norsk,  korleis dette skal gjerast. Supert! Kanskje nyttig å ha på heimesida/bloggen m.o.t. utearrangement? Tja...

Med vidare utforsking fann eg ut...