tirsdag 23. mars 2010

Ting 10 - "ingen tid at forlora "

Bruk Googlemaps?

Tja, vel, vel! Var først innom og leitte etter Sykkylven Naturhistoriske Museum, men då kom eg til Sykkylven kommune (rådhuset) - og det er laaangt frå Elvetun (2 km iallfall)! (Også bokhandelen Sykkylven Bok og Papir er plassert ute i fjorden, ved Sykkylvsbrua)! Her må ei korrigering til, iallfall for vår del! Kontaktinformasjonen er heller ikkje rett! Tenke, tenke - kva med kvalitetssikring av desse sidene? Kven har lagt ut denne informasjonen? Feil må iallfall rettast opp, vi kan gjere dette sjølv, når vi finn tid til det. 

Ting 9: From Googledocs to blogg

GRÜNDERCAMP 2010 - nye tankar for musea
I veke 11 hadde både Norsk Møbelfaglig Senterog Sykkylven Naturhistoriske Museum elevar frå Sykkylven Ungdomsskule på gründercamp-oppdrag. Fokus var nye måtar å marknadsføre oss på. Ivrige elevar leverte i løpet av veka både reklamefilm for Youtube (NMFS) og facebookside (SNM). I løpet av få dagar hadde facebooksida passert 200 vener - eit utruleg godt utgangspunkt for å sende ut meldingar ved arrangement og andre nyhende!
Så - vi takker dei unge for nye tankar og godt utført arbeid!

Ting 8 - Wiki - Det er lett å tala når ingen vil svara

Under siste kurssamling geleida kurshaldar oss inn i wiki-verda, og brått var dei fleste av oss inne med endå ein konto og nye muligheiter i workspace. Det var veldig greit å sleppe å sitte å lure lenge på kva ein no skulle gjere, men ein vert ikkje i god form om ein ikkje trenar...

Youtube-filmen om nytten av PBworks var kort og informativ - in the American way! Forsøk på konkretisering frå kursleiar- opprette workspace for "Berlin-turen"... Kankje, kanskje ikkje - for å ha nytte av verktyet må ein iallfall vere fleire! Er vi klare for det? Eg tvilar!

tirsdag 16. mars 2010

Ting 7 og 8 Kiking i andre sine arkivskuffer?

Google det er vel og bra! Som privatperson ser eg at eg stort sett dukkar opp i samband med Sykkylven Naturhistoriske Museum. Det er vel greit! Museet kjem opp og fram, som det skal! Elles er Google ein grei søkjemotor til diverse!

Men kva med Delicious?

Konklusjon: Ikkje noko for meg, hverken privat eller i arbeid!

søndag 14. mars 2010

Ting 6 - Det er en fin ting å finne venner?

... og så lett går det til...?

Hadde aldri trudd at det var museums-verket som skulle få meg til å joine facebook.Har prøvt så godt eg kunne å bremse med begge hælane i grusen, men no er skohælane rundslitne - eg glir inn i ei ny verd! Men eg er ikkje heilt overtydd om at det er gull alt som glimar!

Facebook-konto er oppretta, og vener og invitasjoner til "grupper" strøymer på. Det er så enkelt! Det er berre å klikke "stadfest" - og eg som trudde eg var frendelaus! Og at så mange vetige folk viar seg til dette mediet, er ubegripeleg! Men kva er det som er så interessant med dette, og kvifor bruke tid på dette?

mandag 8. mars 2010

Ting 5 - owls on youtube

Ja, det er ikkje berre blomar som dukkar fram når ein søkjer på "flower" på youtube. Difor prøvde eg ut "owl" igjen (avgrensa engelskkunnskap vert avslørt). Av snuttar med ulik definisjon av "owl" fall valet på ein fasinerande videosnutt av ei jaktande ugle.

From Youtube:

Sophisticated sonar of wild owls hunting in the arctic forest - BBC wildlife

(Går ikkje å bruke Embed fordi vinduet vert altfor breitt).

Det som er heilt sikkert er at det søket må vere svært spesifisert for å kunne finne noko fagleg nyttig.

Ting 4 - Naturtelefonen on podcasting og adio-museumsguide

Podcasting. Dette gjekk fort og greit. På NRK sine sider, søkte eg på "naturtelefonen", og kom rett til ei side der det stod greit korleis eg skulle fare åt for å få programmet på min lesar. No er det gjort, så no strøymer nye program frå naturtelefonen inn på min google-lesar. Kunne sjølvsagt funne andre naturvitskaplege program, men ikkje i denne omgang.

Men om eg treng denne tenesta er noko anna! Eg har fri kvar fredag slik at eg er sikra å få høyre programmet direktesendt medan eg ryddar og vaskar i heimen:-)

Audioguide. Lytt og lær! Har kika på eit par audioguidar på Kulturnett Sogn og Fjordane sine sider. Ikkje dumt! Dette har eg tenkt på i høve Sykkylven Naturhistoriske Museum ganske lenge, for å kunne kvalitetssikre den informasjonen som går til besøkjande sommarstider. Med skiftande og ikkje alltid like fagleg godt kvalifiserte vertar, kan dei som ønsker det få tilgang til ein slik audiogudie. Utstillingane i museet er som skapt for slik guiding, med nummererte montrar som syner dyra i ulike biotopar. Utfordringa er å få gjort det! Som eit "innadørs-museum" vil eg nok gi tilgang til audiogudien til dei som kjem på besøk inn i museet.

Då er vi komen så langt - 14 dagar etter skjema....

søndag 7. mars 2010

Ting 3 - Ein flik av flickr

Ja, så har også eg kika på flickr. Våga meg til å opprette konto på yahoo, og vart geleida så meir detaljert og smertefritt gjennom menyane. Brått oppdaga eg at eg sat der med eigen bildekonto i flickr. Men som den forsiktige personen eg er, har eg sikra meg at ingen andre får sjå den botaniske lysbildeserien min utan at dei er friends eller family. E-post med melding om innsynsløyve er sendt til kurshaldar :-)

Til slutt i denne omgang:

Click here for slideshow. (Eg fall for fristelsen å gjere showet public likevel.)

Men eg lurer no fælt på om eg kjem meg vekk frå alle desse kontoane, om eg ein vakker dag ynskjer det...

torsdag 4. mars 2010

Det buttar imot - sjølv om det går mot lysare tider

Har no prøvt å få til lage til lysbildeframvising som gadget, eller kva det no heiter, ved å bruke Picasa nettalbum. Dette gjekk ikkje bra! Forstod ikkje kva eg gjorde i det heile tatt. Difor ser det litt teit ut i toppen her. Får sjå om eg får fiksa på dette i næraste framtid.

Elles ser eg at NOF informerer om at det er "Tid for å foreberede hekkesesongen" :-)

Ting og tang om bilde

For ein som er glad i digitale bilde av vakre blomar, fjør- eller pelskledde dyr, har eg no kosa meg ei heil lita stund. Det er som om mosen slepper taket! Gjennom utforskinga av flickr ser eg at det er mykje rart men også fine bilde folk deler med andre. Utfordringa er å vite kva ord ein skal søkje etter - og så på engelsk.

Sjå kva eg fann blant bilda for "owl" - ein herleg liten kar:-) og dette blant "flowers".
Alt så langt har vore på utforskingsstadiet, og eg prøver det eg kan å ikkje lage for mange kontoar.
"Det er skummelt, det!" 

Anna eg har prøvt: