søndag 7. mars 2010

Ting 3 - Ein flik av flickr

Ja, så har også eg kika på flickr. Våga meg til å opprette konto på yahoo, og vart geleida så meir detaljert og smertefritt gjennom menyane. Brått oppdaga eg at eg sat der med eigen bildekonto i flickr. Men som den forsiktige personen eg er, har eg sikra meg at ingen andre får sjå den botaniske lysbildeserien min utan at dei er friends eller family. E-post med melding om innsynsløyve er sendt til kurshaldar :-)

Til slutt i denne omgang:

Click here for slideshow. (Eg fall for fristelsen å gjere showet public likevel.)

Men eg lurer no fælt på om eg kjem meg vekk frå alle desse kontoane, om eg ein vakker dag ynskjer det...

5 kommentarer:

  1. Tusen takk for at du gjorde showet public - det er jo aldeles nydelig! Jeg fikk ro i sjela og gode vårfornemmelser av de fantastisk vakre bildene. Er det du som er fotografen?

    SvarSlett
  2. Takk for det, sol! Bilda er frå eige lager, og det er ganske heimesnikra. Kunne vel markert fotografnamnet ein stad, kanskje? Det er igrunnen ikkje så nøye heller, har ingen planer om å leve av naturfotografering, nei:-) "Hultertibulter"! Men det er vel det naturmangfaldet er...

    SvarSlett
  3. Nydelege bilete! Bra jobb og vel utført:-) Eg har titta både på lenka du sende meg og den i bloggen.
    Flott at du har lenka/kildevist i teksten i blogginnlegget ditt. Det byrjar å sjå rett proft ut!

    Kanskje du kan ta bort lenka til betasuppefroydis? Det er lurt å ikke lenke til e-postadresser. Det kan bli ein del spam ut av det:-) Vil du skrive ei e-postadresse kan du bytte ut @ med (a) (at)eller liknande.

    Kursdag neste veke. Ikkje mykje som skal til for at du er ajour til då....

    Helsing Frøydis

    SvarSlett
  4. Takk for kommentarer! E-postadresse til kurshaldar er tatt bort.

    SvarSlett
  5. Utrolig flotte bilder, og flott presentasjon. Dette ga inspirasjon til en som er akterut!
    Hilsen "Mari"

    SvarSlett