tirsdag 23. mars 2010

Ting 8 - Wiki - Det er lett å tala når ingen vil svara

Under siste kurssamling geleida kurshaldar oss inn i wiki-verda, og brått var dei fleste av oss inne med endå ein konto og nye muligheiter i workspace. Det var veldig greit å sleppe å sitte å lure lenge på kva ein no skulle gjere, men ein vert ikkje i god form om ein ikkje trenar...

Youtube-filmen om nytten av PBworks var kort og informativ - in the American way! Forsøk på konkretisering frå kursleiar- opprette workspace for "Berlin-turen"... Kankje, kanskje ikkje - for å ha nytte av verktyet må ein iallfall vere fleire! Er vi klare for det? Eg tvilar!

Har no gjort følgjande:
  1. Oppretta konto i PBworks.
  2. Valgt workspace for Museumsformidling i Møre og Romsdal (der ligg fleire "saker")
  3. Lagt inn kommentar på denne (ikkje så veldig sakleg kanskje)
  4. Oppretta mitt eige workspace ("detersnartpåske") med avgrensa tilgang til berre inviterte personar
  5. Lagt inn tekst i denne, supplert tekst, kommentert tekst.
  6. Til slutt sletta eg heile saken (litt tungvint med stadfesting via e-post).
Noko for oss? Kanskje, men kor ope skal eit workspace vere for kommentarar? Det spørs sjølvsagt om det gjeld ein privat fjelltur, eller tankar kring museumsformidling. Er det berre dei som har konto i PBworks som kan kommentere? Det vert etterkvart eit utal av kontoar å halde greie på, skal det vere nokon vits må dei vel brukast også? Valg og prioritering tvingar seg fram!!

Etter Ivar Aasen: Det er lett å tala når ingen vil svara. 

På lokalhisotisk wiki, fann eg ingenting om Glomset, men ein heil del om Sykkylven.

1 kommentar:

  1. Ja, vi er nå mange brukarar som har meldt deltaking i berlinturssm2010, så eg har no trua enn så lenge. Men ein må øve seg om ein skal bli god og sjå nytta. Nye arbeidsmåtar snik seg ikkje berre inn sånn over natta:-)

    Du har gjort oppgåva, og på ein framifrå måte!

    Mvh Frøydis

    SvarSlett