søndag 14. mars 2010

Ting 6 - Det er en fin ting å finne venner?

... og så lett går det til...?

Hadde aldri trudd at det var museums-verket som skulle få meg til å joine facebook.Har prøvt så godt eg kunne å bremse med begge hælane i grusen, men no er skohælane rundslitne - eg glir inn i ei ny verd! Men eg er ikkje heilt overtydd om at det er gull alt som glimar!

Facebook-konto er oppretta, og vener og invitasjoner til "grupper" strøymer på. Det er så enkelt! Det er berre å klikke "stadfest" - og eg som trudde eg var frendelaus! Og at så mange vetige folk viar seg til dette mediet, er ubegripeleg! Men kva er det som er så interessant med dette, og kvifor bruke tid på dette?
Eg veit ikkje heilt, eg...


Ei lita boble i nedre hjørne viste seg å vere ein "ven" som ville chatte. "Ka du styra med? Må legge minstemann..." Chatting via Facebook er sikkert like greit som å bruke MSN. Det vert så uryddig når ein må innom ulike kontoar for å chatte. MSN er også meir tungvint når ein må legge inn alle adressene ein vil ha kontakt med. Førebels er det berre kurshaldar som er i mantalet der. Også her må ein VELGJE!
Ein annan ting er - kva vil/skal ein nytte tida si til? Arbeid og privat?

Ei gruppe er kanskje bra for ein institusjon. Men her er ein vanskeleg balansegang på mange måtar.

Tjuven, tjuven skal du heite for du stal min vesle ven.
Men eg har eit håp i vente, at eg får meir tid igjen!
Trur eg trallala,
Trur eg trallala,
Trur eg trallala, 
Ja, trur eg trallala!
Trur eg trallala!

1 kommentar:

  1. Nei, der kan du se! Jeg ble heller ikke med før jeg gikk kurset før jul. Den satt langt inne! Sjekk kursbloggen min http://froydisbloggen.blogspot.com/2009/10/facebook-og-myspace-venestader-ting-6.html

    Ellers har vi jo testa ut MSN. Det funker jo fint!?

    Du er godt i løypa!
    Sees på kurs i morra!
    Mvh Frøydis

    SvarSlett