tirsdag 16. mars 2010

Ting 7 og 8 Kiking i andre sine arkivskuffer?

Google det er vel og bra! Som privatperson ser eg at eg stort sett dukkar opp i samband med Sykkylven Naturhistoriske Museum. Det er vel greit! Museet kjem opp og fram, som det skal! Elles er Google ein grei søkjemotor til diverse!

Men kva med Delicious?

Konklusjon: Ikkje noko for meg, hverken privat eller i arbeid!


I påvente av utruleg treig konvertering av videofiler, har eg prøvt å sjå på sosiale bokmerker, metadata, wiki m.m. når eg likevel ikkje kan ta kveld (ferga heim). Delicious er ein "ting" som ungane seier i heimen. Kva er ein "ting" i ungane sitt hovud? Jau, "alt muli" ("og ingenting", seier mor).

Desse moglegheitene vart så mange at dette vart uinteressant, og altfor tidkrevande i alle høve. Om ein abonnerer på desse særskilde bokmerkjer, kan ein få inn "tips" om nye lenkjer "hvert minutt" som det står.

Gi meg ein sjangs!!!

Sikkert mykje interessant, men her må ein prioritere tidsbruk, og dette vert prioritert vekk. Skulle eg ein gong verte forskar i eit særskilt emne og ikkje vere plaga med skuleklasser, turistar og slikt slag på dørene, kunne eg kanskje vurdere det. Men det er ikkje fare for det!

Ingen konto på meg her!

1 kommentar:

  1. He, he...jo må si meg enig i konklusjonen. I all fall delvis!Da eg tok kurset før jul kom eg til same konklusjon, men no i det siste har eg kjent etter at tida er komen. Eg trur Delicious er ein litt nerdeteneste. Dei som ikkje er heilt nerd, finn ikje heilt nytta. Og så er det akkurat det med nytta som snik seg inn når eg no må opprette ein konto...

    Google er kjekt, som søkjemotor, men også så mykje anna!!! Ein av mine favorittar:-)

    Nerd ja, her sit eg og kommenterar bloggar kl halv ti.....

    Mvh Frøydis

    SvarSlett