tirsdag 23. februar 2010

Andre mosebok

Har no prøvt meg på litt sjølvstudie, og det er ikkje berre lett. "Tidi ho renn som elv mot fjord" i vårflaum! Svært utfordrande når ein føler det er meir famling og "lukka betre enn åttaferda" at ein brått er både på twitter og tek imot nyheitsstraumar gjennom ukjende medium!

Ting1. Blogging og twitter
Famla meg fram så no er det iallfall er ein blogg som er oppe (og går:-). Dette tek grueleg med tid! Men korleis skal vi finne andre bloggar å følgje? Kjem der ei liste over deltakarbloggar,å tru? Twitter syns eg var veldig skummel og eit udyr med mange hovud (finnast sikkert i ei av mosebøkene). Når eg ber om å følgje ein twitrar, får eg all twitringa, også den som vedkomande får adressert direkte til seg, heilt "fram" til meg. Dette føler eg ikkje er til privat bruk iallfall, men eg kan kanskje sjå nytten i å få nytt frå Norsk Ornitologisk forening, Aasentunet, eller gode tips om turmål osb. Presentasjonen til eriknude (vimeo) var grei og oppklarande.

Ting 2. Nyheitsstraumar
Dette har eg hatt tidlegare også, og dette funkar. No ser eg nytten av å ha desse straumane lenkja til ein google-konto som er på nett. Slik vert eg uavhengig av å sitje på mi eiga maskin. Har fått med meg nokre fleire, også nokre bloggar.

I det skarpe skinet frå Gullkalven vil eg uansett setje det verkelege møtet mellom menneske i høgsetet! Sjølv om eg framleis tviheld på Moses og steintavlene, vil eg no bedre kunne vurdere om eg kan nytte desse nye media på ein god måte - som eit supplement!

onsdag 17. februar 2010

Første mosebok