tirsdag 23. mars 2010

Ting 9: From Googledocs to blogg

GRÜNDERCAMP 2010 - nye tankar for musea
I veke 11 hadde både Norsk Møbelfaglig Senterog Sykkylven Naturhistoriske Museum elevar frå Sykkylven Ungdomsskule på gründercamp-oppdrag. Fokus var nye måtar å marknadsføre oss på. Ivrige elevar leverte i løpet av veka både reklamefilm for Youtube (NMFS) og facebookside (SNM). I løpet av få dagar hadde facebooksida passert 200 vener - eit utruleg godt utgangspunkt for å sende ut meldingar ved arrangement og andre nyhende!
Så - vi takker dei unge for nye tankar og godt utført arbeid!

SIMSALABIM - der sat han:-) Etter mykje krøkking med kva eg skulle fylle ut i Googledocs for å få dette til, dukka dokumentet opp i øvst bloggen min. (Ikkje sei eg skal gjere det ein gong til!) Men det går altså an - "jobbe i nettskya"!

Dersom eg sende dokumentet pr e-post, forsvann bildet undervegs (i posten :-) om eg ikkje sende det som pdf-fil. Litt merkjeleg!

1 kommentar:

  1. Web2.0 kan vere litt merkeleg av og til!

    Du gjør i all fall ein god jobb for å kome til bunns i mysteria:-)

    Helsing Frøydis

    SvarSlett