mandag 19. april 2010

Ting 13 - Siste Mosebok

I web 2.0-utgåve.

Eg ønsker ikkje å trakke nokon på tærne, men det er altfor freistande å bruke terminologien i dei gamle Mosebøkene. Det høver godt i den opplevinga eg har hatt av dette kurset.
  • Hadde ikkje heilt trua då eg starta ferda
  • Gjekk frå steintavler til arbeid i skya (Google docs, wiki)
  • Fann (?) vegen gjennom opprørt hav (delicious, mashups, apier)
  • Stor fare for å verte blenda og danse rundt gullkalven (web 2.0)
Så får eg inderleg håpe eg får leve vidare også etter å ha kome såpass opp i høgda at eg har utsyn over terrenget, og kan finne ein god veg vidare.

Men nyttig vart det nok uansett!


Favoritter
  • Blogging: dette verktyet har eg fått prøvt ut gjennom heile kurset. Øving gjer meister!:-) Dette blir eit fint reiskap til å supplere heimesida med t.d. med formidlingsprosjekt-bloggar.
  • Google-konto: det har vore lurt å samle alle rare kontoar knytt til denne adressa/kontoen. Så får eg ikkje dette på privat e-post, eller på SNM-e-posten.
  • Nettlesar: Har tidlegare hatt abonnement på RSS-feeder i Outlook, men synast nettlesar knytt opp mot googlekontoen er kjempebra (uaghengig av eiga maskin:-)) I år er det særleg kjekt å få daglege drypp av dagens art frå Naturmangfoldsåret 2010, og vekas Aasen-sitat, og andre nyhende frå sjølvvalde sider/kanalar.
  • Wiki/Google docsMSN m.m.: Her kjem det an på korleis andre i vår organisasjon vil bruke dette. Praktisk med PBWorks-konto og bruk, men liten vits dersom ein ikkje har ein "stamme" å drodle med, eller finn aktuelle "fag-sider". Det samme med MSN. Fint å bruke Google docs, men med sære profil-krav, vert nok dette berre ei praktisk verkty mobile sjeler som aldri finn rast eller ro.
  • Facebook: at dette mediet arbeider så raskt vart nesten overveldande. Då gründer-jentene frå Sykkylven Ungdomsskule laga ei gruppe for SNM, var der over 200 vener etter 2 døgn, og har no passert 240! Heldigheita at eg var under opplæring, og let dei gjere dette! Ein informasjonskanal vi ikkje har hatt før.
  • Mashups og apier: Ja, eg forstår nytta og muligheitene, men trur neppe eg får tid til å "kose meg med dei"! Kanskje, kanskje ikkje:-)
Kurset har vore bra, det! Ikkje har eg vet eller hovud til å peike på noko som manglar heller. Då det etterkvart viste seg at dette faktisk ville ta litt tid, dersom ein skulle arbeide seg gjennom alt, sakna eg ein tydeleg uttalt aksept frå leiinga i høve bruk av arbeidstid til kursarbeid. Men - nokon treng vel meir tid enn andre for at slike nye fag skal sige inn, om dei gjer det nokon gong.

Då er turen over! Det er i motbakkane det går oppover, vert det sagt! Om eg gjer som Moses, står på høgda og ser utover det lova landet, er vel å drage dette for langt. Men - det er greit å vite kva muligheiter vi har på vegen vidare.

Og evalueringsskjemaet er sendt!


3 kommentarer:

  1. Gratulerer, du har bestått med glans! Det har vært en fryd å følge med deg. En god læringskurve med gode refleksjoner og bra praktisk retta fokus:-)

    Du har lage en skikkelig flott blogg med nydelige bilder!

    Og turen er ikke over, det er nå den starter!
    Mvh Frøydis

    SvarSlett
  2. Viktig med gode turleiarar og -vener!! Takk for oppfølging og gode ord undervegs:-)

    SvarSlett
  3. Takk for kommentaren:) Ja gleda meg til sommeren jeg også!

    SvarSlett